søndag 17. desember 2017

DEKK BORDET TIL JUL


Jula er for mange den høgtida vi verkeleg vil dekke flotte bord og
ta i bruk det finaste vi har i skuffer og skap. No kjem det fram,
krystallet, det finaste serviset og bestikket, og vi blandar
gjerne gammalt og nytt på festbordet. 
 Vi brukar heildekkande dukar og pyntar med blomster og lys.

Middagsbordet i jula skal skine, og her vil vi
 gjerne dele med deg korleis vi dekker festbordet.








Julefrukosten er eit viktig måltid. og bordet dekkar
vi med flotte Marimekko. Å kombinere det kvite med
det raudruta er jo lekkert!

Naturfargar frå dei små trea og nøttene kler bordet, 
og jula sine planter er eit sjølvsagt følgje.








Det skal ikkje så mykje til for å dekke det same bordet og 
få til eit anna uttrykk. På bordet under har vi bytta ut noko av 
raude med litt utradisjonelle fargar. Dei brune vasane frå Cooee
demper ned fargane frå det forrige bordet, og dei klassiske 
juleblomstene er bytta ut med furukvister og burgunder blad.
Dette gir eit roleg bakteppe for det gode måltidet og samværet.








Håpar du fekk inspirasjon til å pynte ditt eige julebord. 

Så ønsker vi deg ei fin og fredfylt jul!


Produkt frå butikken vår som vi har brukt i dette innlegget:
Albaglas frå Magnor
Boblen vaser frå Magnor
Servise Blue Elements frå Royal Copenhagen
Lysestakar Alfredo frå Georg Jensen
Julepynt frå Georg Jensen
Spisebrikker frå LIND DNA
Servise frå Marimekko
Skåler frå Iittala
Glas frå Holmegaard
Maya bestikk frå Stelton
Nobili lyslykter frå Kahler
Ball vasar frå Cooee Design
Spruce juletre i ask frå Skagerak 


Alle bilete er teke av Ingeborg K. Indrebø for Førde Glassmagasin
Kreditèr oss om du vil låne nokre av dei









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar