Viser innlegg med etiketten vase. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vase. Vis alle innlegg

fredag 21. juli 2017

REGN UTE, KOSELEG INNE

Det er berre å innrømme det, det regnar ein god del om sommaren også, og det kan vere skikkeleg kjøleg!

Men jammen kan vi ha det bra inne!

Fram med ullteppe i glade sommarfarger, og må du fyre i peisen, ja, så må du det. Levande lys i flotte stakar, det er no koseleg det også. Og strikketøyet er naturleg følge, vesle snuppa skal få seg jakke til hausten.

Og så er det denne kaffien, da, den smakar ekstra godt i ein fin kopp. Boka med strikkeoppskrifter er framme, det er kjekt å planlegge litt av hausten på strikkepinnane.

Og du, hageblomstene fortjener ein flott vase, eg berre elskar den store, grøne vasen frå Marimekko, eit midtpunkt der han står.

Da er vi einige, da. Sommaren kan vere koseleg når det regnar også, men… sola må no finne vegen fram att til oss!











Produkt vi har brukt og du finn hos oss:

Bord og pute frå Hay. Vase frå Marimekko.
 Kopp frå Design Letters.
 Lysestakar fra Freemover. Pledd frå Røros Tweed. 


Alle bilder er tatt av Ingeborg K. Indrebø for Førde Glassmagasin. 
Kreditêr oss om du vil låne bilder.


mandag 22. mai 2017

SOMMARFEST

Så er den her, den norske sommaren, dei lange lyse kveldane, 
det grøne frodige landskapet, båtar på fjorden, turar til fjells,
måltida ute, det sosiale eller leiting etter det stille.

Og vi lagar til fest, sommarfest, fest med vener, kollegaer, familie,
det er alltid ein grunn til å lage fest.

Bli med oss på Glassmagasinet sin sommarfest.

På eit småbruk, ved fjorden, blant fjella, hit blei vi invitert ein nydeleg kveld seint i mai.
Det var sol, det var utsikt, det var god mat, godt drikke og gode kollegaer. 

Tusen takk Tordis fordi du inviterte oss hit!



















Produkt  som vi har brukt og du finn hos oss: 
Ball vase frå Cooee. Salt- og pepparkvern frå Menu.

Alle bilder er tatt av Ingeborg K. Indrebø for Førde Glassmagasin. 
Krèditer oss om du vil låne bilde.