mandag 15. januar 2018

NÅR DAGANE VERT LYSARE


Det er januar, og jula er over, lune, koselege desember har gått over til lysare 
tider. Vi ryddar vekk julepynten, og gleder oss over at dagane vert lengre.

Og det skjer det same  kvart år, etterjulsvinteren gir oss lyst til å 
finne fram lysare fargar rundt oss, juleblomstene vert bytta 
ut med nye planter og fargerike blomster.

Det treng ikkje vere så mykje, ei pute i vårlege fargar kan vere nok.
Ei fargeglad primula på bordet, nye grøne planter, kjenner du kjensla? 
Pastellfarga ferske tulipanar, vi elskar det!


Ei ny pute, ein grøn plante.





Pastellfarga kaffikoppar, ein lysegrøn vase.


Tulipanar, den kjensla!



Glade fargar.


Fargerikt brett på bordet er til å bli glad av!


Svibelen frå jul står framleis fint.


Nye planter i nye pottter.


Sidebordet ved sofaen har ôg fått grønt følgje, og kaffikoppen 
og puta seier at det snart er vår.

Produkt frå butikken vår som vi har brukt i dette innlegget:
Pute og krus Pieni Unikko frå Marimekko
Wire base og Wire pot frå Menu
Pledd frå Røros Tweed
Hammershøi thermokru frå Khäler
Tiara rundt brett frå Marimekko
Flower vase oliven opal frå Marimekko
Little bird frå Normann Copenhagen
Ball vase frå Cooee
Block bord frå Normann Copenhagen
Lyngbyvase


Alle bilete er teke av Ingeborg K. Indrebø for Førde Glassmagasin
Kreditèr oss om du vil låne nokre av dei


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar