Viser innlegg med etiketten bestikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bestikk. Vis alle innlegg

søndag 17. desember 2017

DEKK BORDET TIL JUL


Jula er for mange den høgtida vi verkeleg vil dekke flotte bord og
ta i bruk det finaste vi har i skuffer og skap. No kjem det fram,
krystallet, det finaste serviset og bestikket, og vi blandar
gjerne gammalt og nytt på festbordet. 
 Vi brukar heildekkande dukar og pyntar med blomster og lys.

Middagsbordet i jula skal skine, og her vil vi
 gjerne dele med deg korleis vi dekker festbordet.








Julefrukosten er eit viktig måltid. og bordet dekkar
vi med flotte Marimekko. Å kombinere det kvite med
det raudruta er jo lekkert!

Naturfargar frå dei små trea og nøttene kler bordet, 
og jula sine planter er eit sjølvsagt følgje.








Det skal ikkje så mykje til for å dekke det same bordet og 
få til eit anna uttrykk. På bordet under har vi bytta ut noko av 
raude med litt utradisjonelle fargar. Dei brune vasane frå Cooee
demper ned fargane frå det forrige bordet, og dei klassiske 
juleblomstene er bytta ut med furukvister og burgunder blad.
Dette gir eit roleg bakteppe for det gode måltidet og samværet.








Håpar du fekk inspirasjon til å pynte ditt eige julebord. 

Så ønsker vi deg ei fin og fredfylt jul!


Produkt frå butikken vår som vi har brukt i dette innlegget:
Albaglas frå Magnor
Boblen vaser frå Magnor
Servise Blue Elements frå Royal Copenhagen
Lysestakar Alfredo frå Georg Jensen
Julepynt frå Georg Jensen
Spisebrikker frå LIND DNA
Servise frå Marimekko
Skåler frå Iittala
Glas frå Holmegaard
Maya bestikk frå Stelton
Nobili lyslykter frå Kahler
Ball vasar frå Cooee Design
Spruce juletre i ask frå Skagerak 


Alle bilete er teke av Ingeborg K. Indrebø for Førde Glassmagasin
Kreditèr oss om du vil låne nokre av dei









torsdag 1. juni 2017

DITT SPESIELLE SERVISE

Har du eit servise som får deg til å tenke på sommar? Eit servise du dekker på ein rutete duk, favorittvoksduken eller utan duk.

Kruset du drikk av når du sit ute på trappa og tar dagens første kaffi. Skåla med jordbær. Middag med spekemat., eller sjømat.

Eit slikt servise er Artesano Nature frå Villeroy & Boch. Kan det bli ditt spesielle sommarservise?

Sommarserviset du kan bruke heile året.














Produkt vi har brukt og du finn hos oss: Servise Artesano og Artesano Nature frå Willeroy & Boch. Vase frå Lyngby Porcelæn. Serveringsbrett Time frå Skagerak. Glas Ultimatuule frå Iittala. Salt og pepparkvern frå Menu. Spisebrikke frå Lind DNA. Sofie bestikk frå Hardanger Bestikk.

Alle bilder er tatt av Ingeborg K. Indrebø for Førde Glassmagasin.
Kreditèr oss om du vil låne bilder.


mandag 15. mai 2017

TID FOR GRILLING

Er du ein av dei som tenker at no kan endeleg maten tilberedast på grillen? Kalendaren viser mai, og sjølv om veret kan være ustabilt, finn du fram grill, grillutstyr og grillmat. Då er du i godt selskap,  bli med oss på vår første grilling i år!













Produkta  vi har dekka med er frå Villeroy & Boch, Zalto, Royal Copenhagen, Georg Jensen. Iittala, Kähler og Hardanger bestikk. Du finn alt dette i butikken vår. Velkomen til oss!

Alle bilder er tatt av Ingeborg K. Indrebø for Førde Glassmagasin. Kreditèr oss hvis du vil låne bilda.



søndag 14. mai 2017

KONFIRMASJON OG INSPIRASJON



Konfirmasjonsdagen er ein høgtidsdag, ein dag vi dekker bordet til fest.

Stilen kan vere forskjellig, men levande lys og blomster høyrer med.





Vi kan dekke  med lyse pastellar. 








Vi kan bruke små og store vaser. 

                                      



Lykke til med dagen!