onsdag 18. oktober 2017

FØRDE GLASSMAGASIN SATSAR PÅ NETTBUTIKK


Vi er stolte av å kunne tilby kundane våre ein flott nettbutikk. Førde Glassmagasin er medlem av Designforevig-kjeda, alle butikkane i kjeda har danna nettbutikken saman, og er dermed medeigarar av denne.

Designforevig har valgt å la butikkane i kjeda halde på sitt særpreg. Du vil finne eit vareutval som kan variere frå stad til stad, men ein stor del av varene vil du finne i alle butikkane.

Det er her nettbutikken blir eit supplement.

Du kan no gå inn på nettbutikken der du kan velge om du vil ha varene tilsendt eller hente dei i butikk. Blir varene henta hos Førde Glassmagasin, vil heile fortenesta bli verande i butikken vår.

Nettbutikken er heilnorsk med administrasjon i Molde og lager i Skien.

Vår daglege leiar Anita Kirkebø Marskar, er klar over at netthandelen kan true dei lokale butikkane, og då særleg fagbutikkane, men med denne modellen håpar ho at det vil la seg gjere med handel både i butikk og på nett.

Logg inn på nettbutikken her. https://www.designforevig.no/





Foto: Ingeborg K. Indrebø


Julegåvetips frå Førde Glassmagasin: 


 Sein vinkelstake


Foto: Ingeborg K. Indrebø



Foto: Leverandøren

Dei flotte vinkelstakane frå Sein kan du få for eitt, to eller fire lys.



Heymat



Heymat er dørmatter med norsk design og industrikvalitet.

Foto: Heymat


Georg Jensen damask


Nytt hos oss i butikken i haust er tekstilar frå 
Georg Jensen Damask, duker, brikker og handkle i god kvalitet. 

Foto: Ingeborg K. Indrebø


Gjennom nettbutikken kan vi tilby eit utvida sortiment med varer frå m.a.


Moebe


Hos merket Moebe finn du fine rammer, men og andre produkt
som mellom anna speilet som du ser over her.

Foto: Moebe


VIPP


Foto: Alice Frantzen



Foto: Leverandøren


Vipp har mange forskjellige produkt som hyller, lamper
og tilbehør til bad.



Woud




Woud er eit merke vi har nokre produkt av i butikken vår. 
Men du finn eit større utval hos nettbutikken.

Foto: Wouddesign




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar